Gamle jærske ord og uttrykk

”Det er godt eg ikkje har noko med dei”, sa mannen, han såg på at barna hans slost.
 
Dagens ord

Dagens spørsmål

Søk

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Velkomen til Hå kulturhistorie

I 2014 skal kulturhistoria om Hå vera ferdig. Tre rikt illustrerte band med til saman 1.500 sider.

Her kan du lesa om prosessen og koma med innspel. Det er òg ei side som skal fortelja delar av historia om Hå - gjennom tidslinje, historier, forteljingar, folkedikting, tips om turar og mange andre emne. Det burde vera noko for dei fleste, for som det står i den store tyske romanen Forhistorien av Siegfried Lenz: ...lærer jeg om og om igjen at ens viten om verden begynner med ens viten om hjemstedet.

Flest forteljingar finn du under tidslinja. Klikk deg inn på titlane du finn i venstremargen.

 
Hå kulturhistorie - Forside
Informasjon Publisert 26.01.2012

Eirik J. Varhaug har skrive eit hefte om slekta på gardsnummer 42, bruksnummer 83, og mykje anna om Varhaugsgarden frå 1800-talet. I filen du finn her kan du lesa heile heftet.

Informasjon Publisert 19.01.2012

Ove Tobias Gudmestad har samla på kart i mange år. Her finn du ein rikt illustrert presentasjon over gamle kart langs Jærkysten som vart halden for Hå historielag i 2006: Gamle kart over Jærkysten.

Informasjon Publisert 19.01.2012

Ove Tobias Gudmestad har skrive om Køhlerfamilien på Nesheim. Dei bygde opp ein praktgard, og her finn du ein rikt illustrert PowerPoint-presentasjon om garden og utviklinga på garden og på Nesheim frå 1800-talet og framover: Køhler på Nesheim.

Informasjon Publisert 05.01.2012
Skjærpeplogen

I ein artikkelserie av Kjell Paul Ødegaard har han skrive om utviklinga av landbruket på Jæren etter krigen. I ein av dei seks artiklane du finn under tidslinja, kjem han inn på Skjærpeplogen. Her kan du lesa dette utdraget, og sjå bilete av denne monserplogen i bruk.

Ansvarlig redaktør Rådmann Lars Kolnes